Legenda
- Nett som det latinske ordet amanda tyder '(ho) som bør elskast' og er ei form av verbet amare 'elske', tyder det latinske ordet legenda '(dei ting) som bør lesast' og er ei form av verbet legere 'lese'. Dei ting som bør lesast var i eldre tid oppbyggjelege forteljingar om helgenar og andre forteljingar med eit religiøst-mytisk innhald, men allereie for lenge sidan har ordet legende fått den tydinga som Nynorskordboka gjev oss, nemleg 'fantastisk, utruleg segn eller soge; myte'. Me talar ofte om levande legender, og den norske målgranskaren Carl Johan Sverdrup Marstrander (1883-1965) ? som døydde det året eg sjølv tok examen artium, og som eg såleis berre har lese og høyrt om, men eg har høyrt mykje om han – han fekk oppleve å bli ei levande legende. Eller, for å vere litt meir presis, han opplevde å bli hovudpersonen i ei legende. Bakgrunnen var at han i 1903 byrja å studere klassisk filologi og indoeuropeisk språkvitskap – medrekna keltisk, og då især gamalirsk. Lærarane hans, dei ikkje mindre legendariske Sophus Bugge og Alf Torp, hjelpte han til å få seg eit opphald i Irland i 1907, då han var 24 år gamal. Allereie i 1908 var han på plass att heime i Kristiania, og blei då universitetsstipendiat i samanliknande språkvitskap. I 1909 fekk han eit professorat i keltisk og komparativ filologi ved School of Irish Learning i Dublin, eller Baile Átha Cliath, som eg helst likar å kalle byen. I 1913, 30 år gamal, kom han heim att til Noreg, til eit personleg professorat i keltiske språk ved universitetet i Kristiania, ein lærestol han bekledde fram til han blei emeritert i 1953. Men attende til 1907. Den unge nordmannen fann raskt ut at ein fin stad å lære seg moderne irsk var på Blasket-øyane utanfor sørvestkysten av Irland, på den tida framleis eit levande irskspråkleg samfunn. Her kom han mellom anna i kontakt med Tomás Ó Criomthain, som blei irsklæraren hans. Marstrander blei teken vel imot av øyfolket. Trass i overklassebakgrunnen sin – han var son av rektor Fredrik Marstrander og hans kone Christiane Henriette Brodtkorb Sverdrup i Kristiansand – hadde han ingen problem med å finne seg til rette mellom dei fattige fiskarane og bøndene. Alt fyrste dagen drog han med dei ut på havet i ein naomhóg, ein av desse små runde båtane som er laga av ei vidjeramme kledd med ein vasstett duk. Den unge Marstrander var ikkje berre målgranskar, men au stavhoppar. Han moroa øybuane stort då han tok ei åre frå ein naomhóg og hoppa over huset til Tomás Ó Criomthain, for denne idretten var heilt ukjend på øya. Dersom mine kjelder ikkje tek feil – og det korkje kan eg eller vil tenkje meg at dei gjer, for då ville heile poenget mitt kverve som dogg for sola – gjekk det ikkje mange åra før Marstrander var blitt både mytologisk og legendarisk. Åra var snart gløymd, og i staden heitte det seg at ein mann frå Lochlann
Les hele Klassekampen på nett
Få nyhetene som setter dagsorden, analysene som betyr noe og stemmene som teller. Abonner i dag.
Bli abonnent