Du kan bla til neste sideBla med piltastene

– Talar med to tunger

I dag er det 50 funksjonshemma som har funksjonsassistent. Det er ikkje lagt inn pengar i statsbudsjettet til å auka talet neste år, sjølv om det no er mange som søkjer om å få assistent. Spesiallærar Gerd Egseth er heilt avhengig av ein funksjonsassistent for å kunna gjera jobben som spesiallærer ved Åsen Voksenopplæringssenter i Oslo. Sjølv sit ho i rullestol. Hender og beinPå skolekjøkkenet på Åsen Voksenopplæring blir det bakt gulrotkake, og kaka skal seljast i kantina til inntekt for Operasjon Dagsverk. Egseth er ansvarleg for undervisninga, men må arbeida på ein litt annan måte enn dei fleste andre lærarar. Assistent Martine Øien handterer både gulrotkake og bolledeig.– Funksjonsassistenten er mine hender og mine bein, forklarer Egseth, som sit i rullestol. Ho treng hjelp både til å flytta papir, til å eta og til å komma seg på toalettet. Egseth spør Bjørn om han hugser kva pengane frå Operasjon Dagsverk skal gå til, og kva kakene skal kosta i kantina.– Sri Lanka, svarer Bjørn, men er ikkje heilt sikker på kakeprisen.– Var det tjue eller ti kroner? Læraren minner han på at dei hadde blitt einige om at fem kroner per kakestykke skulle vera nok.Når kaka vel er plassert i steikomnen, samlar Egseth ei lita gruppe elevar i rommet ved sida av kjøkkenet, og nyttar høvet til ein gjennomgong av siste nytt frå aviser, radio og fjernsyn. Assistenten må assistera, ho les opp spørsmål, og elevane får svara. Eit av spørsmåla handlar om kva som aukar faren for kreft – sminke, solarium eller deodorant?? Solarium, eg er bombesikker, svarar Morten. Øien sjekkar kva som er rett svar, og kan fortelja at Morten hadde rett. Andre spørsmål er vanskelegare, Egseth stiller nokre hjelpespørsmål innimellom, og dei får både plassert IRA i Nord-Irland, og finn ut kva det vil seia at ein del medisinar er reseptfrie.

Du må være abonnent for å lese denne artikkelen