Biografs
Somme menneske blir fritt vilt. Blant dei er personar som har drive det langt innanfor dikting, biletkunst, vitskap eller filosofi. Det kjem biografiar om dei. Altfor mange fortel om sår barndom, fåfengd elsk, pinlege slagsmål, opphald i fyllearresten, kirurgiske inngrep, hemmelege elskarinner, gonoré og krimsykje. Ein skulle tru at slikt, og mykje anna som finst i biografiar, høyrer privatlivet til. Dessutan er det vanskeleg å forstå dvelinga ved «utagerende» kjønnsliv eller absurditetar andre døgeret av ein lang rangel. Slikt har jo så mange vore med på, og kvifor skal det då liksom vere sensasjonelt, straks det blir fortalt om den Andre, den biograferte?
Les hele Klassekampen på nett
Få nyhetene som setter dagsorden, analysene som betyr noe og stemmene som teller. Abonner i dag.
Bli abonnent