Innvandring held folketalet oppe
Berre i eitt fylke i landet har folketalet gått ned i første halvår i år, viser statistikk frå Statistisk sentralbyrå (SSB): Finnmark har 241 færre innbyggjarar etter første halvår enn 1. januar i år. Utan innvandring ville dette talet vore meir enn dobla. Fylket har hatt negativ utvikling i folketalet så godt som alle år sia 1994 – sidan då har innbyggjartalet gått ned med om lag 3000.Sjølv om talet på innvandrar for heile landet i første halvår er tusen lågare enn på same tid i fjor, har alle fylka ei netto innvandring, varierande frå om lag 700 i Hordaland til 150 i Vestfold og 140 i Finnmark. I alt er det registrert 17.300 innvandringar i første halvår og 11.200 utvandringar.
Du må være abonnent for å lese denne artikkelen
Allerede abonnent? Logg inn