Skadeleg skatt?
- Faget samfunnsøkonomi er ofte blitt kalla «den dystre vitskapen». Ikkje minst dyster er økonomane si ideologiske tenesteyting til dei økonomiske og politiske makthavarane gjennom heile historia til faget. Eit døme i så måte er at ikkje berre overklassane og deira politiske strategar, men også dei fleste samfunnsøkonomane (stort sett rekrutterte frå overklassen) heilt fram til våre dagar har nært ein djup skepsis til velferdsstaten. På slutten av 1800-talet hevda til dømes Robert Giffen at dersom dei offentlege utgiftene vart større enn 10 prosent av bruttonasjonalproduktet (BNP), ville «disincitamenta» som dette skapte, føre til økonomisk samanbrot. I 1945 meinte Colin Clark at 25 prosent var den absolutt øvre grensa i fredstid. I dei første 30 åra etter den andre verdskrigen i velferdsstatane sin glansperiode var det, i historisk samanlikning, lite motstand mot auka skattlegging. Med nyliberalismen sitt inntog i 1980-åra svinga pendelen tilbake. Til dømes Assar Lindbeck, formann i nobelkomiteen for økonomi, kom då med ein ny variant av argumentet mot høge skattar. Han hevda at land som Danmark, Sverige og Nederland med ei «skattebyrde» på opp mot 60 prosent av BNP hadde nådd ein tilstand av «arteriosklerose», seinare kalla «eurosklerose», som kvelte produktivitetsveksten og medførde vedvarande arbeidsløyse. I USA meinte Martin Feldstein, formann for president Reagans Council of Economic Advisers, at programma for inntektsoverføringar hadde «forverra ustabiliteten i familielivet», at dei sosiale trygdene hadde ført til halvering av privat sparing, og at arbeidsløysetrygda finansiert med skattebetalarane sine pengar hadde resultert i auka arbeidsløyse.
Les hele Klassekampen på nett
Få nyhetene som setter dagsorden, analysene som betyr noe og stemmene som teller. Abonner i dag.
Bli abonnent