Krigsdans i Irak
Henrik Thune: Krigsdansen. Historien om Saddams fall Cappelen 2003, 265 s. Dei fleste bøker er dårlege, har ein viss Johannesen i Bergen uttalt. Forskaren frå Norsk utenrikspolitisk institutt (Nupi) og radiokommentatoren Henrik Thunes bok er blant dei betre, for den er ei folkeopplysingsbok, bygd på stor kunnskap om vestleg stormaktspolitikk overfor Irak i seinare tid, og inneheld også interessante tankane omkring tv-mediets rolle i det storpolitiske spelet. Den er godt skriven, kjapp og enkel i språkdrakta og klar i tankegangen. Forfattaren legg heller ikkje skjul på si eiga haldning til krigen. Han meiner at den som middel til å demme opp for terrorisme er forfeila, at påskotet med masseøydeleggingsvåpen saknar seriøst grunnlag og at den som eventuell humanitær aksjon ville måtte ha godkjenning av FN. Men Thune er samtidig fascinert av tanken på ein ny verdsordning der humanitært grunngitte intervensjonar utgjer ein naturleg del. Dette er bokas vakraste, men også mest diskutable innslag, og ei utfordring til det Thune kallar 68-generasjonens rituelle USA-skepsis (og ikkje skeptisisme, som Thune feilaktig kallar fenomenet).
Les hele Klassekampen på nett
Få nyhetene som setter dagsorden, analysene som betyr noe og stemmene som teller. Abonner i dag.
Bli abonnent