Jon Hellesnes er professor i filosofi ved Universitetet i Tromsø og har gjeve ut ei rad med bøker og essaysamlingar, mellom anna Maska bak andletet.I og for seg er det ikkje noko i vegen med historie-filosofi. Det er snarare slik at historiefaget degenererer utan tankar av det filosofiske slaget. Likevel står det fast at historie-filosofi fort slår om i historie-metafysikk, og at kombinasjonen av historie-metafysikk med politikk har vist seg å vere ein farleg mikstur. Det er freistande å skrive om ei kjend utsegn hos A. M. Schweigaard og å seie som så: «Historie-metafysikken har gjort meget ondt, den har ført gode aander vild; det er på tide at gjøre det af med den.»Ein av dei farlege freistingane i historie-filosofien ligg i det prosjektet som den tyske filosofen Odo Marquard kallar den sekulariserte teodicéen. Teodicé tyder eigentleg «intellektuelt forsvar for Gud», men Marquard framstiller det slik at tidleg-moderniteten sin teodicé tok ei ateistisk vending. Den innebar ei slutning frå Guds godleik til Guds ikkje-eksistens. Det var ein ateisme til Guds ære – ad maiorem gloriam Dei: Ein allgod og allmektig Gud kan jo ikkje la det vonde skje, men det skjer. Altså eksisterer Han ikkje. Men teodicé-problemet var ikkje løyst med det. No blei det Historia som måtte få si rettferdiggjering. Verda har vore, og er, full av sveltedød, pest og namnlaus liding. Her er undertrykking og urettferd, krig og elende. Er det mogeleg å tolke alt dette inn i ei storfortelling som kan gi ei slags meining til det? Kan ein for eksempel sjå det slik at alt dette vonde tener eit høgare gode, iallfall på lengre sikt? Ei rad historie-metafysikarar har kome fram til at svaret er JA. Ein av desse var den unge, preste-lærde Josef Stalin.