Du kan bla til neste sideBla med piltastene

President skoten

Var han gal eller var han anarkist? Spørsmålet vert framleis heftig diskutert i det amerikanske historikarlauget. Det er den tradisjonelle debatten: Kom mordtankane av indre årsaker eller dei forferdelege ytre tilhøve vedkomande levde under. Same kva: Den 6. september 1901 skaut den polske innvandraren Leon Czolgosz den amerikanske presidenten, William McKinley, to gonger. Skottsåra var dødelege. Visepresidenten som tok over, var Theodore Roosevelt. Han hadde McKinley å takke for populariteten sin. McKinley vart valt til president i 1896. Han var djupt konservativ, ekstremt proteksjonistisk og førte ein aktiv imperialistisk utanrikspolitikk gjennom annekteringa av Hawaii i 1897 og krigen mot Spania i 1898, ein krig som resulterte i den amerikanske okkupasjonen av Puerto Rico og Filippinane og «frigjeringa» av Cuba. Det var gjennom innsatsen på Cuba Roosevelt la grunnlaget som gjorde at McKinley bad han om å verte visepresidentkandidat ved valet i 1900. Roosevelt var visemarineminister då krigen mot Spania starta. Roosevelt sa straks frå seg vervet som minister og drog til Cuba. Og Czolgosz? Etter ei summarisk rettssak vart han avrette den 29. oktober 1901.Det var under rettssaka Czolgosz kom med dei så ofte siterte orda:«I didn't believe one man should have so much service, and another man have none.»JH

Les hele Klassekampen på nett

Få nyhetene som setter dagsorden, analysene som betyr noe og stemmene som teller. Abonner i dag.

Bli abonnent

Allerede abonnent?