Som igjen
I Målteigen 21. juni dryfte eg ordet som i relativsetningar (boka som ligg på bordet). Eg viste kvifor målgranskarane har forkasta den tradisjonelle analysen av som som eit relativt pronomen og i staden kallar det ein subjunksjon. Pronomen og subjunksjon er ordklassar, som adjektiv, substantiv osb. Ordklassar skil seg frå kvarandre gjenom serskilde semantiske, morfologiske og syntaktiske eigenskapar, som varierar noko frå eitt mål til eit anna. Typiske eigenskapar ved norske pronomen er at dei kann bøygjast (eg – meg, du – deg) og at dei kann stå som utfylling til ein preposisjon (med deg), medan typiske eigenskapar ved norske subjunksjonar er at dei ikkje kann bøygjast (at, dersom) og at dei stend fremst i ei underordna setning (eg veit at du elskar meg). Som har eigenskapar sams med subjunksjonane, ikkje med pronomena.
Du må være abonnent for å lese denne artikkelen
Allerede abonnent? Logg inn