Rettsstrid om bagasjetraller
I går starta partsforklaringane i arbeidsrettssaka mot SAS/Braathens, og først ut var Christian Heitmann, Braathens-tilsett på Flesland sia 1988. Heitmann si framstilling av kva som trongst av folk og utstyr etter overføringa av bakketenestene til SGS frå og med 1. september 2002, gir eit heilt anna bilete enn det SAS-advokat Lars Holo gav i sitt innleiingsføredrag. Holo la vekt på at SGS berre hadde bruk for åtte prosent av det utstyret frå Braathens. Eit avgjerande spørsmål i saka er om overføringa av bakketenesetene i Braathens til SGS/SAS var ei verksemdsoverdraging eller ei utskiljing. I SAS/Braathens sin argumentasjon spelar omfanget av utstyr og personell som vart overført, ei sentral rolle.
Les hele Klassekampen på nett
Få nyhetene som setter dagsorden, analysene som betyr noe og stemmene som teller. Abonner i dag.
Bli abonnent