Du kan bla til neste sideBla med piltastene

Eit merkeleg venskap

Den amerikanske utanriksministeren, Colin Powell, skulda i februar Irak for å ha samarbeida med terrornettverket al Qa'ida. Han hevda at ein leiarfigur i al Qa'ida, Abu Mussab al Zarqawi, er eit bindeledd mellom Saddam Husseins regime, mulla Krekar si gruppe Ansar al-Islam og al Qa'ida. Argumenta Powell framsette vart fort imøtegått, det finst lite som tyder på at al Zarqawi har den posisjonen han vart tilskriven. Same mann har i alle høve også hatt kontakt med eit medlem av Qatar sin kongefamilie, utan at landet - som er blant USA sine allierte i regionen - vert skulda for terrorkoplingar av den grunn. Til dags dato har amerikanarane ikkje makta å koma med prov på samarbeid mellom det kasta irakiske regimet og bin Laden sine menn. Til trass for at mange amerikanarar før krigen mot Irak trudde at Saddam Hussein var involvert i planlegginga av terroråtaka 11.september er det svært lite som tyder på det. Seint i juli kom ein ny amerikansk rapport om terroråtaka, den nemner lite og ingenting om Irak. Den har likevel skapt rabalder, fordi den retter eit kritisk søkjelys på ein anna av USA sine allierte i regionen, Saudi-Arabia.

Du må være abonnent for å lese denne artikkelen