Sex-nytt
- Det er sjølvsagt fristande å bruka ordet «sex» så mange gonger som råd når det er snakk om det seksualfiendtlege partiet KrF. Ein kan nesten sjå for seg korleis Valgerd vrir seg når ordet kjem på trykk på avisforsidene. Koplinga mellom sex og Kristeleg Folkeparti er sexy nyheiter med stor salsverdi. Ein politikar som blir «sex-anmeldt» gir redaksjonane mykje moro med å finna på nyord med sex i. Men journalistane ser ut til å ha gløymt ein viktig ting: Det er ikkje straffbart å ha sex i Noreg – sjølv om enkelte KrF-politikarar sikkert skulle ønska at det var tilfelle for dei som ikkje har ordna seg eit heterofilt ekteskap. Dei urbane, liberale og moderne i Akersgata er ikkje eit hår betre enn kristenfundamentalistane når dei ikkje klarer å skilla mellom sex og overgrep. Det som gjer mediefolka verre enn dei sistnemnte, er at dei har langt større gjennomslag. KrF-saka er ikkje eineståande. For litt over ei veke sidan sto det å lesa i Dagbladet at fire menn var blitt «anmeldt for gruppesex». Det var litt av eit mysterium for meg at nokon kunne risikera å bli straffa for å ha gruppesex, men litt lenger nede i artikkelen fann ein oppklaringa: Jenta, som var 15 år på det tidspunktet dei fire hadde «sex» med henne, hadde anmeldt dei for valdtekt. Seinare var tiltalen gjort om til «utukt mot mindreårige, begått i fellesskap». Det er ikkje uvanleg at tiltalen blir endra til utukt mot mindreårige framfor valdtekt, og forklaringa kan ein finna i statistikken. Under ein prosent av alle valdtekter i Noreg endar med domfelling, og oppklaringsprosenten ved valdtekt ligg langt under annan kriminalitet. «Utukt mot mindreårige» har derimot ein betre sjanse for domfelling i rettssalen. Dei aller fleste vel å ikkje gå til politiet etter ei valdtekt, fordi sjansen for å bli trudd er så mykje dårlegare enn risikoen for å bli mistrudd og mistenkeleggjort. Kvinners rettstryggleik er ein katastrofe i rettsstaten Noreg, og media forsterkar trenden med å viska ut forskjellen mellom overgrep og sex. Sex er frivillig, sex er ein bra ting, og sex er ikkje straffbart. Overgrep som valdtekt og seksuell trakassering er ufrivillig frå minst ein av partane, overgrep er ein dårleg ting og overgrep er straffbart. (Dette kunne ha vore svært enkelt for nokon og ein kvar, men det ser ut til at eit lite samandrag er på sin plass.) I tillegg er seksuell trakassering den mest effektive måten å halda jenter nede på, det hindrar jenter i å krevja plass i sosiale rom og ta makt i samfunnet. Fleirtalet av jenter i Noreg har opplevd seksuell trakassering i form av uønska klåing og skjellsord som «hore» slengt etter seg. Dette handlar ikkje om klønete flørting eller hormon i omløp, slik mange ungdomsskulelærarar ser ut til å tru. Dagleg trakassering av jenter får passera utan at nokon reagerer, og det flyttar grensene for akseptabel framferd også i andre samanhengar. I ei undersøking frå Oslo sa eit stort mindretal av unge jenter at dei hadde gått med på å ha sex utan å eigentleg villa det. Ei jente som heile tida er utlevert til gutane sine vekslande karakteristikkar som «hore» eller «prippen» har ikkje høve til å definera sine eigne grenser eller lyster. Ein gut som opplever at det er hans rett til å «ta for seg» ser kanskje ikkje når grensa for alvor er nådd. Avdekkinga av moglege seksuelle overgrep i KrF handlar ikkje bare om sexy nyheitsstoff. Det handlar om alle jenter og kvinners kvardag; om overgrep og trakassering skal bli tatt på alvor eller bortforklart. Media undergrev kvinners rettstryggleik ved å omtala valdtekt som sex, og dei gjer det vanskelegare å forstå forskjellen mellom frivillig flørt og seksuell trakassering. Dermed bidrar dei også til eit seksualfiendtleg samfunn. Men valet er tydelegvis enkelt når ordet «sex» på forsida aukar opplaget. Ingrid Fiskaa er leiar i Sosialistisk Ungdom
Du må være abonnent for å lese denne artikkelen
Allerede abonnent? Logg inn