Du kan bla til neste sideBla med piltastene

Ikkje bøy deg for folket!

Omgrepet «folket» blir diskutert vidt og breitt, og ingen har fasiten på kven dette folket er. Det mest nærliggande dømet på det, er når både RV og FrP omtalar seg som partiet for vanlege folk. Ein av dei må ta feil. Så kva med å konsentrera seg om det ein sjølv trur på, i staden for det ein trur «folket» ønsker seg? Skulle eg tona ned maset om økologi og menneskerettar viss eg analyserte meg fram til at dette ikkje fengar folket? Då føretrekker eg slagordet «Dei Grøne – på kollisjonskurs med folk flest». Etter oppslutninga å dømma skulle logoen passa like bra på RV og andre småparti. Så kan jo kvar og ein tenka sitt om kva som tener folk flest på kortare og lengre sikt.

Les hele Klassekampen på nett

Få nyhetene som setter dagsorden, analysene som betyr noe og stemmene som teller. Abonner i dag.

Bli abonnent

Allerede abonnent?