* Det er grunn til optimisme for EU-motstandarane. Etter ein ja-topp i mai, da meiningsmålingane fortalde at heile 49,9 prosent av dei spurde svarte ja til norsk EU-medlemskap, er denne prosenten i den siste målinga redusert til 46,4. Nei-prosenten har i den same perioden gått opp frå 36,4 til 40,3. Meiningsmålingane fortel ikkje kvifor folk endrar syn på EU, men endringane i det siste er såpass store, at det kan vera grunn til å tru at det er noko meir enn sommarlege bølgjeskvulp. Kjønnsfordelinga viser at ja-prosenten blant menn har gått ned frå 59 i mai til 53 i juli, blant kvinner ned frå 45 til 40. Kanskje er det den svenske debatten om den økonomiske og monetære unionen (EMU), eller euro-spørsmålet, som slår inn blant nordmenn? I Sverige har makta som kjent store problem med å få folk til å ta «rett» standpunkt i folkerøystinga som skal vera 14. september, sjansen for at det svenske folket kan seia nei til å innføra euro, ser ut til å vera relativt stor. For norske veljarar er det all grunn til å følgja den svenske euro-debatten. Sverige vart EU-medlem på eit så tidleg tidspunkt at euroen ikkje var ei obligatorisk følgje av medlemskapet. Det var den gongen. Skulle eit norsk medlemskap komma på tale, er euroen og alt den fører med seg, ein sjølvsagt del av pakka. Dei som framleis måtte vera i tvil om EU-medlemskap inkludert euro kan vera noko å satsa på, bør merka seg at det i EU-kretsar er slått fast at ein «healthy euro», altså ein «sunn euro», er avhengig av «healthy pensions». Det ligg i saka at «healthy pensions», eller «sunne pensjonar» kostar det offentlege minst mogeleg. Dermed kan pensjonsutbetalingane også bli «minst mogeleg», og det rammar som kjent aller hardast dei som i utgangspunktet har minst å gå på.