Misforstått historie-ideal
I svaret til kronikken vår i Klassekampen om rasetenking og sterilisasjonslovgjeving i mellomkrigstida kjem Nils Roll-Hansen (28. juni) med ei rekkje viktige presiseringar, ikkje minst i høve til sine eigne tidlegare framstillingar. Det er difor overraskande at han ikkje er i stand til å sjå den openberre moralske relevansen av desse samanhengane for vår eiga samtid og framtid. Når Roll-Hansen i staden finn grunn til å irritere seg over det han oppfattar som vår «selektive og moraliserande fremgangsmåte» kan dette i beste fall oppfattast som eit utslag av dårleg historisme frå Roll-Hansen si side: eit misforstått ideal om å rekonstruere eitkvart historisk fenomen ut frå naturvitskapelege kriteria om objektivitet og nøytralitet. For å nærme seg dette idealet må forskaren vakte seg vel for å trekke inn eigne kulturelle og historiske normer og verdiar. Dette vert oppfatta som eit uttrykk for manglande metodologisk refleksjon. Moralisering inneber at historikaren frå sin eigen historiske ståstad set seg til doms over ein tidlegare historisk periode. Det er nett dette Roll-Hansen skuldar oss for å gjere. Men dette er ein mykje nytta framgangsmåte for å stille andre tolkingar av historia i eit dårleg lys.
Du må være abonnent for å lese denne artikkelen
Allerede abonnent? Logg inn