Du kan bla til neste sideBla med piltastene

ØMU og venstresida

Arbeidsløysa i Noreg i dag er stigande og har på relativt kort tid nådd eit urovekkande høgt nivå. Då gjer det godt å registrere at det knapt er nokon på venstresida som ikkje har kampen mot arbeidsløysa som ei av sine hjartesaker. Samstundes ser det ut til at EU-tilhengjarar på venstresida utan reservasjonar er samde med venstresida elles om at to av dei viktigaste tiltaka for å få lågare arbeidsløyse er at statsbudsjettet skal nyttast for å jamne ut svingingar i økonomien, og at pengepolitikken må nyttast til å sikre låg prisstigning og lågare kronekurs. Dette er oppsiktsvekkjande. Ved eit norsk EU-medlemskap vil Noreg òg verte medlem i EU sin økonomiske og monetære union (ØMU). I ØMU vil det verte ulovleg å gjennomføre vitale delar av den økonomiske politikken som både EU-tilhengarar og ikkje minst EU-motstandarar på venstresida i dag tek til orde for!

Du må være abonnent for å lese denne artikkelen