Ein av 20 fekkmøta nemnda
Dei fleste klagesakene som kjem til Utlendingsnemnda (UNE) blir avgjort i sekretariatet eller av nemndleiar åleine. Etter utlendingslova er det berre klagesaker «som ikke byr på vesentlige tvilsspørsmål» som kan avgjerast av nemndleiar åleine. Det er også nemndleiar som avgjer kva som er «vesentlege tvilsspørsmål». I 2002 fekk om lag 460 av dei vel 8000 asylsøkjarane som klaga saka si behandla i nemndmøte, og 380 av desse fekk sjølv møta fram i nemnda, går det fram av UN si årbok for 2001/2002. Etter utlendingslova skal klagar «som hovedregel» få høve til personleg frammøte når ei sak blir behandla i nemndmøte.
Les hele Klassekampen på nett
Få nyhetene som setter dagsorden, analysene som betyr noe og stemmene som teller. Abonner i dag.
Bli abonnent