* Dei siste månadene har meiningsmålingane vist eit fleirtal for norsk medlemskap i EU. Blant fleire forklaringar politikarar og media gir på dette stemningsskiftet er det ei økonomisk forklaring som ofte går att: Ved innføring av Euro ville Norge sleppe høg rente, høg valutakurs, nedlegging av eksportnæringar og aukande arbeidsløyse, utan at noka gruppe i det norske samfunnet fekk nemneverdige ulemper. Men den høge renta og valutakursen skuldast slett ikkje at Norge står utanfor EU. Den var eit resultat av regjeringa sin Høgre-politikk, først og fremst skattelettepolitikken. I Sem-erklæringa lova regjeringa ein skattereduksjon på 31 milliardar kroner inklusive avskaffinga av investeringsavgifta i løpet av Stortingsperioden. Dei er no godt og vel halvvegs i dette prosjektet, etter å ha redusert skattane med 19 milliardar kroner på årsbasis i forhold til år 2001, fordelt på cirka elleve milliardar i 2002 og åtte milliardar i inneverande år. Regjeringa sin skattelettepolitikk er ikkje først og fremst eit uttrykk for at høgrefolk er gjerrigknarkar som berre tenkjer på sin eigen pengepung. Denne politikken manifesterer Høgre si grunnleggande klasseinteresse. Det langsiktige målet er å byggje ned offentleg sektor og offentlege velferdstenester, og dei synest å meine at dette best kan gjennomførast ved å strype kommunane på inntektssida. Får denne politikken halde fram, vil han føre til aukande offentleg armod og privat rikdom med større inntektsforskjellar. Dette siktemålet kan også lesast av Nasjonalbudsjettet for 2003. Der det vart lagt opp til at det private konsumet skulle auke med 6,7 prosent frå år 2001 til 2003, medan det offentlege konsumet skulle auke med berre ein tredjedel av det private, med 2,2 prosent i den same perioden, eller berre så vidt over ein prosent per år.