Du kan bla til neste sideBla med piltastene

Motstand i nord

* Kven kunne ha sagt berre for nokre få månader sidan at borgarmeistervalet i Norilsk ville vise seg å verte ei politisk hending av nasjonal interesse? Norilsk Nikkel [selskap som har monopol på nikkelproduksjonen i Russland, red.] var rekna for ein oase av sosial velstand, og byen ein modell på politisk stabilitet. Selskapet kontrollerte alt i Norilsk, og innbyggjarane verka ganske nøgde med den ordninga. Trass alt er gjennomsnittsløna ved Norilsk Nikkel på $700 i månaden – mykje pengar etter russisk målestokk. Likevel har velståande Norilsk vorte eit veksthus for sosiale konfliktar. Og det er ikkje tilfeldig. Byens velstand er eit biprodukt av selskapet sitt tilnærma monopol på verdsmarknaden. Norilsk Nikkel sine gruvearbeidarar konkurrerer ikkje med sine dårleg betalte landsmenn eller med halvt underernærte gruvearbeidarar i Afrika. Deira hovudkonkurrent er i Canada. Med andre ord, løner ved Norilsk Nikkel ser kanskje høge ut i ein russisk samanheng, men etter internasjonal målestokk kunne dei vorte auka monaleg.

Du må være abonnent for å lese denne artikkelen