Rett til krisehjelp
* Krisesenterøkonomien har opplevd krise på krise, seinast ved siste årsskiftet. Talet på kvinner som søkjer til krisesentra på flukt frå valdelege menn viser ingen teikn til å gå nedover, snarare tvert om. Men for kvart budsjettår har det vore ein ny kamp om finansieringa av krisesenterverksemda fordi somme kommunar har hatt problem med å prioritera pengar til den kommunale eigendelen som må til for å få statstilskott. Sentrumsregjeringa si storsatsing på lokaldemokrati og kommunalt sjølvstyre skaper ny spenning om kva som skal skje med både krisesenter og andre ikkje lovfesta tiltak for utsette grupper. Det finst forsking som dokumenterer at det ikkje er dei svake gruppene som kjem best ut når lokale politikarar skal fordela knappe kroner. Det er frå før avgjort at dagens øyremerking av statlege midlar til krisesentra skal avviklast frå 1. januar 2004. Det er derfor all grunn til å rosa barne- og familieminister Laila Dåvøy for at ho tok til orde for lovfesting av krisesentertilbodet på KrF-landsmøtet da spørsmålet om krisesenterøkonomien vart stilt. Dette er eit svar i tråd med krav som tidlegare har komme frå krisesentra, og eit langt meir konkret svar enn det å overlata saka til lokalpolitikarane.
Du må være abonnent for å lese denne artikkelen
Allerede abonnent? Logg inn