Du kan bla til neste sideBla med piltastene

– Slukt av Røkke

Korkje Tore Tønne eller Kjell Inge Røkke hadde ein mediestrategi gjennom desembervekene i fjor. Det tapte dei mykje på, meiner Ivar Hippe. No har han skrive bok om Tønne-saka.

Tore Tønne sat med stor gjeld då han gjekk av som helseminister. Men dette uroa han truleg i liten grad, hevda journalist og tidlegare redaktør av Økonomisk rapport på gårsdagens pressekonferanse, der han presenterte Mektig og avmektig – Tore Tønne, media og maktspillet bak kulissene.