Du kan bla til neste sideBla med piltastene

Forslag til Dahl

Det verkar ikkje som om Dahl har merka seg den kittangske sjølvkritikken, og no tenkjer han seg eit «internt seminar». Du store allpakka, skriv Jon Langdal.

Willy Dahl gjer kjent for lesarane av Klassekampen (29. april) at eg skeivtolkar visse sider ved Kittangs teoriar i min Prosa-artikkel. Samtidig avslår han å gi så mykje som eit hint om kva desse mislesingane går ut på. Sjølv skal eg vere den første til å vedgå at det i artikkelen både kan finnast feil og at presentasjonen kunne vore betre. På eiga hand har eg sett at avsnittet om den religiøse ateismen er uformidla og har gitt eit falskt inntrykk av at Kittang er ein mann som slit med sakn etter «Guds død». (Den religiøse ateismen har i si filosofiske form ikkje med kjensler å gjere, men er den Weltanschauung, den eksistensielle tomhet som oppstår når Heidegger/Sartre byggjer på Kierkegaards religiøse paradigme, men abstraherer bort det religiøse innhaldet.) Debatten mellom meg og Kittang er det sett sluttstrek for i Klassekampen sine spalter, forståeleg nok, men også synd, for det siste svaret frå Kittang var konstruktivt, ikkje minst fordi han har sett at saka dreiar seg om meir allmenne tema enn dei reint litteraturtekniske. Eg håper å kunne kome tilbake til dette svaret i ein annan samanheng. Men det viste seg altså at det, i motsetnad til det Willy Dahl hevdar, var mogleg med eit «vettugt ordskifte». Det verkar heller ikkje som Dahl har merka seg den kittangske rørsla i retning av sjølvkritikk som viste seg i eit seinare innlegg, for ikkje å ha rykka ut på rett stad til rett tid. Nå ser eg at Willy Dahl har ein annan måte å rydde opp i sakene på. Han tenkjer seg eit «internt seminar» der han skal dokumentere mine synder. Internt seminar. Du store allpakka. Eller som det heiter på Dahls eige kosmopolittiske målføre: Du verden, du verden. Men i tilfelle: kva så? Skulle eg ha forteikna Kittangs teoretiske posisjonar, har dette skjedd offentleg. Då må sjølvsagt korreksjonane også skje offentleg, for ingen, aller minst eg, kan ha interesse av at ukorrekte versjonar av hans teoretiske posisjonar blir ståande. I skriftene hans er det rikeleg med stoff til diskusjon om ein ikkje i tillegg skulle basere seg på fiksjonar. Mange av oss hugsar med glede at Willy Dahl i 70-åra opponerte friskt mot guruane innan den tidlause norske litteraturforskinga. I Prosa har eg hevda at Kittang mislukkast i å distansere seg frå denne idealistiske posisjonen. Eg har eit forslag: Kanskje Willy Dahl kan slå seg saman med austlending og Vinduet-redaktør Kampevold Larsen, som også er bekymra for mi polemiske form, men som sikkert har spalteplass å tilby til å diskutere sak, og ikkje berre form? Slik kan tidsskriftnasjonen bli samla igjen og freden kan senke seg, også over Bergen.