På full retrett
I morgon er det ekstraordinært styremøte i Helse Nord.
Les hele Klassekampen på nett
Få nyhetene som setter dagsorden, analysene som betyr noe og stemmene som teller. Abonner i dag.
Bli abonnentHans Olav Brendberg er lærar. Om Shakespeare skulle stått for slutten på dette dramaet, ville han latt Bush kava med armene midt i sandstormen og ropa: eit kart, eit kart – mitt imperium for eit kart!, medan han ausa forbanningar ut over Perle, Wolfowitz og andre dårlege visirar som hadde sendt han ut på dette vonlause felttoget. Men Bush er langt frå sandstormane, trygg og komfortabel i Washington. Det er også problemet til han og rådgjevarane: Dei lever langt unna realitetane i det helvetet dei sjølve skaper. Difor har dei trudd at dei sjølve var immune, at den veldige makta til den amerikanske presidenten var ein garanti for suksess. Og difor kjem denne krigen til å gå dårleg for Bush – uansett om han til slutt erklærer krigen for «vunne». Målet for krigen: å etablera eit amerikanskvenleg (og israelvenleg) regime i Bagdad, er utanfor rekkevidde. Sjølvsagt kan amerikanarane få til mykje anna som gjer at dei kan erklæra «siger»: Dei kan øydeleggja det mest sårbare jordbruksområdet i verda, gjera Bagdad til ein grusdunge og mykje anna kjekt. Men grunnleggjande er krigen uttrykk for ei fatal feilvurdering som amerikanarane kjem til å måtta betala for. Og likevel hadde det ikkje vore av vegen om Bush skaffa seg eit nytt kart.
Få nyhetene som setter dagsorden, analysene som betyr noe og stemmene som teller. Abonner i dag.
Bli abonnent