Du kan bla til neste sideBla med piltastene

Forbrukarmakt mot krig

BOIKOTT: Krigen mot Irak får mange til å leita etter måtar å protestera på. Vareboikott er ein måte. Klassekampen hjelper deg med å unngå dei amerikanske varene.

I ein kiosk i Oslo sentrum fortel ekspeditøren at stadig fleire av kundane vil ha sigarettar som ikkje er amerikanske. I ein daglegvarebutikk på austkanten i Oslo møter vi tre skoleelevar som var klare i si vurdering: Amerikanske varer er ikkje aktuelle no om dagen.