Kva er det som skjer?
Skule og skatt. Og skule. Det var valkampen til Høgre. På heimesidene sine står Jan P. og co framleis på sitt: «Ingen skal være i tvil om at Høyre mener alvor når vi sier at norsk skole skal heves opp i verdenstoppen.»I Oslo må kvar tredje skule kutta i staben i år, minst 50 lærarstillingar forsvinn. Samtidig har Oslo-skulen fått 1000 nye elevar sidan 2000. «Situasjonen er ikke til å leve med», seier ein rektor til Aftenposten. I Sør-Trøndelag kan budsjettkutta gje ei nedbemmaning på 100 lærarar i grunnskulen, 57 av dei i Trondheim. Samtidig er det hundrevis av søkjarar til kvar ledige stilling. Skulane i Stavanger manglar rundt 20 millionar kroner. Samtlege skular må klara seg med færre lærarstillingar til hausten. Den vidaregåande skulen i Telemark skal kutta 60 millionar kroner i 2004, foreslår fylkesrådmannen. Det er ni prosent av eit skulebudsjett som er stramt frå før.
Du må være abonnent for å lese denne artikkelen
Allerede abonnent? Logg inn