Utrygt kurderkort
Han meiner kurdarane kan utnytte den uvanlege situasjonen så lenge den varer. Dicle Anter er med i Dehap, Det demokratiske folkepartiet i Tyrkia. Anter meiner det var ei politisk arbeidsulykke da Parlamentet avviste avtalen om å sleppe inn USAs 4. infanteridivisjon i landet. Opposisjonspartiet CHP, som alltid har spelt på lag med USA, røysta mot avtalen trygge på at regjeringspartiet ville sikre fleirtal. Men så sprakk AK-partiet og USA fekk eit nei dei ikkje var budd på. Tyrkia kan miste både dei utlovde milliardane frå USA og den planlagte innmarsjen til dei oljerike delane av Nord-Irak.
Du må være abonnent for å lese denne artikkelen
Allerede abonnent? Logg inn