I høvet 30-årsjubileet til AKP-ml har Klassekampen køyrd ein lengre serie om partiet og rørsla. Serien var god den, men det er med ei viss tristesse eg lyt vedgå at det mest interessante innslaget ikkje kom her , men i Aftenposten den 5. mars. Overskrifta var i grunnen best: «Fryktet at AKP ville ta livet av ham». Men ingressen var heller ikkje dårleg.«? Hadde AKP kommet til makten, hadde jeg og flere andre flyktet til Sverige, sier historieprofessor og tidligere studentpolitiker Øystein Sørensen.» Ja, ja, men. For min eigen del forstår eg godt kva historieprofessoren taler om: Sjølv har eg lenge hatt ein tung og inderleg angst for kva som vil skje meg og mine dersom det fotballaget eg spelte på i min barndoms dal, skulle makte å rive til seg styringsmynde her til lands. Den gjengen hadde neppe avgrensa seg til å setje meg på reservebenken. Det trur eg vi trygt kan slå fast. Men attende til Sørensen. Det som overraska meg mest med Aftenposten-oppslaget, var angsten Sørensen synte. For den Sørensen eg har kjennskap til, kan på ingen måte seiast å vere ein ottefull og fryktsam person. Sant å seie trudde eg han var ein mann som sette pris på litt alternative meiningar, slike som han til dømes gav uttrykk for i Nytt Norsk Tidsskrift nummer 4/1990. Det var eit innlegg med futt i. Rett nok hadde ikkje overskrifta «Konsensus og konflikt – til debatten om okkupasjonshistorien», det same trykket som overskrifta i Aftenposten. Innhaldet, derimot, hadde visse uvanlege, men likevel karakteristiske Sørensen-kvalitetar. Bakgrunnen for innlegget var ein tidlegare artikkel av den same Sørensen i Nytt Norsk Tidsskrift. I den hadde historieprofessoren retta kritikk mot måten norsk okkupasjonsforsking hadde gått føre seg etter 1960. I korte trekk meinte Sørensen at historikaren Magne Skodvin, gjennom sin sentrale posisjon som professor ved Universitet i Oslo, hadde lagt lokk på ein kritisk gjennomgang av tilhøva under krigen. Etter Sørensens syn hadde Skodvin bidrege til å gjere norsk okkupasjonshistorie til ein heroiserande motstandshistorie. I eit tilsvar til Sørensens fyrste artikkel gjekk krigshistorikaren Ole Kristian Grimnes i rette med Sørensen. Grimnes hevda at Sørensen overdreiv. Skodvin hadde ikkje den sentrale plassen Sørensen hevda han hadde. Og med det er vi framme ved Nytt Norsk Tidsskrift nummer 4/1990, for no hadde Sørensen fått trong til å utdjupe kva slags alternative røyster Noreg trengde. Og dei var ikkje av AKP-sorten, det kan vi trygt fastslå. Sørensen ville nemleg ha ein norsk David Irving. «Hans overordnede mål er, nøkternt uttrykt, å modifisere våre tilvante forestillinger om sentrale aktører under krigen,» skreiv Sørensen om Irving. Vidare heitte det:«Han er en mester i å grave frem kildemateriale som historikerne har neglisjert eller vært uvitende om. Uansett hva man ellers måtte mene om hans virksomhet: akkurat den siden har møtt allmenn anerkjennelse,» påstod Sørensen.