Du kan bla til neste sideBla med piltastene

– Sjukehus-slakt må opp i Stortinget

Helseforetaka skal spara milliardar, og over 20 lokalsjukehus står i fare for å mista akuttberedskap og fødeavdeling.– Dette var det vi frykta skulle skje. No må Stortinget gripa inn, seier Sp-leiar Åslaug Haga.

– Den dagen det verkeleg hastar, veit eg ikkje kva vi skal gjera, seier Helga Wenaas Holte, kommunelege i Tysfjord. Pasientar frå Tysfjord har opp til 2 timar og 45 minutt transport til sjukehuset i Narvik. På godt føre. Dersom Helse Nord legg ned den kirurgiske akuttberedskapen i Narvik, blir det 12 mil ekstra å køyra, til Harstad. 12 mil kan ta eit par timar.