Du kan bla til neste sideBla med piltastene

Maori-divaen

Operasopranen Kiri Te Kanawa vart fødd i Gisborne på austkysten av nordøya i New Zealand den 6. mars 1944, som adoptivdotter av ei irsk mor og ein maorifar. Songtalentet vart tidleg stadfest og premiert på heimebane og i 1965 vart ho tatt opp utan prøvesynging ved London Opera Centre. I 1971 fekk ho nærast legendarisk status over natta då ho med bravur debuterte som fyrstinna i Mozarts Figaros bryllup ved Covent Garden. Der i frå steig ho raskt oppover i den internasjonale operastjernehimmelen. Det hjelpte nok også på den ålmenne kjendisstatusen at ho i 1981 vart vald til å syngja i bryllaupet til prins Charles og lady Diana, noko som året etter medverka til at Te Kanawa vart ho adla til Dame Kiri – of the British Empire av dronning Elizabeth II.I dag, då ho har passert høgda av sin karriere, er ho framleis ei av verdas mest kjende og etterspurte sopranar, med brei røynsle frå opera- og konsertscenen, framføre kamera og i platestudio. Ho har pendla mellom dei store operaene som Londons Covent Garden, New Yorks Metropolitan og Milanos La Scala, der ho har sunge dei store heltinnerollene frå den austerriks-tyske skulen, som også omfattar andre sentrale Mozart-figurar som Donna Elvira (Don Giovanni) og Pamina (Tryllefløyten). Som konsert og plateartist har ho i tillegg tolka samtids-populærmusikk, som Irving Berlin og Gerorge Gershwin. Dame Kiri held fram med å turnera, og i 1999 kom også hennar mest personlege album så langt, Maori Songs.

Du må være abonnent for å lese denne artikkelen