Du kan bla til neste sideBla med piltastene

Forseinka svar til Atle Kittang

I eit temperamentsfullt innlegg i Klassekampen 4. februar, «Lukta av blod», hevdar Atle Kittang at underteikna «har vore ute etter» han fleire gonger (eg er sjuk og farleg) og at eg ved ulike tilfelle har vore «fortørna» over Hamsun-boka hans. Kittang siktar her til eit par innlegg frå mi side om Hamsun-apologiar, i første rekkje ein artikkel i Agora nr. 1-2 1999. Han hevdar no at eg i min artikkel i Prosa 3/02, «Litteraturfilosofi på avvegar», misles teoriane hans slik Fanden les Bibelen (eg er dum og kan ikkje lese), og faderleg og professoralt minner han om at «Kunsten å lese er ofte ein vanskeleg kunst». Sist, men ikkje minst skal «vi alle» (også han sjølv?) lika «lukta av blod». (Eigentleg er eg mordar) Innlegget er minneverdig på mange måtar. Ikkje minst for at han ser artikkelen min som resultat av ein slags konspirasjon mot Kittang personleg, som om kretsar innan NFF/Prosa på eit gitt tidspunkt har bestemt seg for at «no skal vi ta han» eller liknande. Denne mistanken saknar grunnlag, ideen til artikkelen kom etter ein tilfeldig samtale med redaktør Fosli på Aschehougs hagefest i 2001. Både eg og andre har litt vanskeleg for å forstå den lett paranoide tonen i Kittangs innlegg, og mindre urovekkande er det ikkje at han i eit intimistisk, reføydalisert brev til «Kjære Jon» (Hustad) i Klassekampen 8. februar belærer tidsskriftredaktørane Fosli og Åmås om nødvendig «kvalitetssikring». Kritikken min av Kittangs biletteori går på fleire ulike punkt, men det viktigaste er at han lar «biletet» få ein dynamikk uavhengig av begrepa, når han hevdar at biletet «tar av», som han uttrykkjer det. Slik eg ser det, opnar han med dette slusene for mystisisme, ein tendens som blir forsterka av den til dels uforståelege framstillingsforma, med sin orgie av metaforar og analogiar. Metodologisk har teorien basis i ein abstrakt, isolerande tilnærmingsmåte, inspirert av Husserls fenomenologi.

Les hele Klassekampen på nett

Få nyhetene som setter dagsorden, analysene som betyr noe og stemmene som teller. Abonner i dag.

Bli abonnent

Allerede abonnent?