Du kan bla til neste sideBla med piltastene

30 år – og ingenting lært?

Til ei forandring skal eg gi ros til Klassekampens redaksjon – for å ha sett i gang ein serie om historia til ml-rørsla på godt og vondt. Eg oppfattar hensikta med denne serien som å få fram både gode og dårlige sider ved denne rørsla, for å kunne lære av begge delar. I det lengste trudde eg at også AKP var interessert i dette. Her synte det seg at eg tok skammelig feil. Tysdag 19. februar blir leiar og sekretær i AKP intervjua, og leiaren erklærer: «? Jeg er begeistret for alt vi gjorde». Tydeligare kan det ikkje seiast: AKP har ingen ting lært og vil ingen ting lære av dei feila som partiet gjorde. Dette sitatet er dessverre typisk for artikkelen. Begge partileiarane gjør så godt dei kan for å vri seg unna feila. Spørsmålet om totalitær og udemokratisk organisasjon blir avfeidd med: «? Mye av 1970-tallets garnityr måtte forsvinne. Jeg ser det som en begynnelsesperiode, en ungdomsbevegelse vil med nødvendighet gjøre feil.» Dei grunnleggande udemokratiske feila, som tilslutning til Sovjet/Kina-modellen med eit statsbærande kommunistparti, der det ikkje skulle vere lov å organisere opposisjon verken innafor eller utafor partiet, er det ikkje meir alvorlig enn eit uttrykk for «70-åras garnityr»? Dette var programfesta som eit av hovudprinsippa i partiet sitt arbeid. Om eg ikkje hugsar heilt feil, var det i AKP sitt program av 1976 det sto: «Arbeidarklassen utøvar si leiande rolle under sosialismen gjennom partiet.»Ta oppgjøret«Vi har lagt fra oss det nå, ja allerede tidlig på 80-tallet var det umulig å tilbakekalle den tida, sier Asgeir Bell.» Joda, AKP har i siste halvdel av partihistoria vore flink til å framheve at ein har lagt dette bak seg. Men dei har konsekvent unnlatt å fortelle at dette ikkje skjedde utan kamp, og at partileiinga alltid heldt igjen. Og at dei aller fleste av dei som reiste kampen for at AKP skulle bli eit demokratisk parti innad og utad, dei ga opp etter kvart og meldte seg ut. Ein stor del av dei heldt fram kampen for demokrati og sosialisme, innafor RV, SV eller som uavhengige. Det gikk minst tre bølger av offentlige utmeldingar på nokonlunde det samme grunnlaget, før leiinga og fleirtalet i AKP tok eit meir eller mindre heilhjarta oppgjør med eittpartistaten, med stalinismen og (delar av) maoismen. Før det gikk så langt, hadde leiinga konsekvent heldt igjen, og forslag om oppgjør med Stalin, fjerning av (m-l) i partinamnet og så vidare, var røysta ned på landsmøte før dei endelig blei vedtatt. Kva er vitsen med å trekke fram denne gamle historia i 2003? Jo, dersom AKP sjølv skal lære av historia, er første føresetnaden at leiinga tar oppgjøret med den udemokratiske tradisjonen på ein truverdig måte. Det gjør verken Jorun Gulbrandsen eller Asgeir Bell i dette intervjuet. Heile tida forsøker dei å bagatellisere feila i fortida, slik Bell gjør når han omtaler AKPs støtte til Stalin: «Vi hadde jo kjempedebatter om Stalin for eksempel, på 1970-tallet. Det vi gjorde var å ta stilling for Kinas kritikk av Sovjet, at vi var enige med Mao i «Den store polemikken». Min mening er at Stalin tas fram som emblem for å slå ned på et kommunistisk parti, sier Bell.»

Les hele Klassekampen på nett

Få nyhetene som setter dagsorden, analysene som betyr noe og stemmene som teller. Abonner i dag.

Bli abonnent

Allerede abonnent?