Null er for lite!
I dag fastset LO sine rammekrav for tariffoppgjeret 2003. Oppgjeret i år er eit mellomoppgjer, eit såkalla minioppgjer. Tradisjonelt betyr det at lønene vert regulerte i forhold til prisveksten. Torsdag som var, heldt sentralbanksjefen årstalen sin, og ei samla norsk presse formidla at Svein Gjedrem velta ansvaret for norsk økonomi over på lønsarbeidarane. Vi har lese at Hydrosjef Reiten var imponert over kor presist banksjefen skildra røyndommen, at Trygve Hegnar var like imponert over vaksenopplæringsgehalten – og at finansministeren stråla som ei sol over at opposisjonen fekk kjeft og han sjølv skryt for strame budsjett. Vi er ikkje imponerte, sjølv om vi ikkje var der. Vi har høyrt det før, kravet om moderasjon. Sikkert som vårløysinga, kjem det, og især dersom lågløna, kvinner (det er ofte dei same, det) og arbeidsfolk «på golvet» har gjort oppgjer som har auka kjøpekrafta. Det skjedde i fjor; jamvel i kommunal sektor fekk store kvinnegrupper eit lønslyft som gjer at mange fleire har ei løn dei (nesten) kan leva av.
Du må være abonnent for å lese denne artikkelen
Allerede abonnent? Logg inn