Du kan bla til neste sideBla med piltastene

Orsaking med atterhald

Over ei heil side i tysdagens Klassekampen er litteraturprofessor Atle Kittang såra og skuffa over underteikna. Eg har nemleg ikkje gjeve han melding om at eg i oktober intervjua Jon Langdal i høve hans Prosa-artikkel om Kittangs litteratursyn. Eg har heller ikkje gjeve Kittang melding om at eg skreiv ein kommentar om det enkle faktum at Kittang ikkje ville uttale seg om kritikken frå Langdal. Kittang skriv: «Vi som ikkje har vår daglege gang i det indre Oslo, vil gjerne bli haldne orientert på ein anstendig måte når det skjer ting i dette miljøet som går på vår ære laus.» Kittang har heilt rett. Eg burde sjølvsagt ha sagt ifrå til han. Orsak Atle Kittang. Men når det er sagt: Atle Kittang ber nok litt av skulda sjølv. Eg trudde han las Klassekampen. Det har han nemleg fortalt meg at han skulle gjere.

Les hele Klassekampen på nett

Få nyhetene som setter dagsorden, analysene som betyr noe og stemmene som teller. Abonner i dag.

Bli abonnent

Allerede abonnent?