Du kan bla til neste sideBla med piltastene

Ja til EU-topia?

Leiaren i Europarørsla, Wenche Fossen har nytta Klassekampen som talarstol for å målbære det som vanskeleg kan lesast som anna enn eit flammande engasjert innlegg for norsk medlemskap i EU (Klassekampen 23. januar). Når slik glødande tru på eige standpunkt kjem til syne er det vanskeleg å gjere anna enn å gje honnør for engasjement så vel som tillit til eigen argumentasjon. Som sosialist er eg for min del ikkje i tvil om at det er rett å seie nei til norsk medlemskap i EU. At sosialistar som Wenche Fossen tenkjer heilt motsett og i staden argumenterer for norsk medlemskap i EU ut frå sosialistiske verdiar og haldningar, skapar etter mitt syn eit klima for ein særs interessant diskusjon. Det er eg glad for. Det er elles sørgjeleg mange av dei ja-folka som meiner seg heimehøyrande på venstresida som overhovudet ikkje legg vekt på å framføre andre argument for norsk EU-medlemskap enn høgresida sine. Nokon spørsmål og kommentarar må det likevel vere legitimt å kome med til Wenche Fossen sitt innlegg, og til visjonane for EU som ho teiknar opp.

Du må være abonnent for å lese denne artikkelen