Krig mot Irak?
Statsminister Bondevik gjer rett i at den norske staten ikkje tar standpunkt til dette spørsmålet før Tryggingsrådet i FN har tatt standpunkt. Eg går nemleg ut frå at Noreg framleis ser på FN som viktigaste organisasjon for å oppretthalda internasjonal fred og tryggleik mellom anna gjennom undertrykking av angrepshandlingar og ved utvikling av vennskapleg samband mellom statar tufta på respekt for det grunnleggande prinsippet i FN-pakta: suverenitets-prinsippet. Det vil seia at ein stat er uavhengig utad, ikkje underordna nokon annan stat, og at ein stats styresmakter har maktmonopol på eige territorium. Men det finst ikkje eit generelt forbud i FN-pakta mot vold statar i mellom. Artikkel 51 i FN-pakta slår utvetydig fast retten til bruk av vold i sjølforsvar mot angrepskrig. Då Irak okkuperte Kuwait tidleg på 1990-talet var det ikkje vanskeleg for USA å få FN med på å støtta ein krig mot Irak. Men nå er det vanskelegare for USA å få slik støtte. Våpeninspektørane har framleis ikkje funne prov på at Irak har brote nedrustningsavtalen etter den forrige krigen mot Irak.
Les hele Klassekampen på nett
Få nyhetene som setter dagsorden, analysene som betyr noe og stemmene som teller. Abonner i dag.
Bli abonnent