Du kan bla til neste sideBla med piltastene

Kom ikkje med heile sanningi

Kom ikkje med heile sanningi,kom ikkje med havet for min torste,kom ikkje med himmelen når eg bed om ljos,men kom med ein glimt, ei dogg, eit fjom,slik fuglane ber med seg vassdropar frå laugetog vinden eit korn av salt.Dei engelske omsettingane av vår nasjonalskald, Olav H. Hauge, er utselde. I 1985 kom Don´t Give Me the Whole Truth, omset av Robin Fulton og James Green, brorsonen av Graham Green, ut på Anvil Press Poetry i London. I 1990 gav White Pine Press i New York ut den same utgåva i den amerikanske marknaden. Båe stader har dei altså gått tome, og slik vil dei ikkje ha det. No vert dei tidlegare utgåvene erstatta av ei ny frå Anvil Press: Leaf-Huts and Snow-Houses omset av Robin Fulton. Boka kjem ut i mars, har med om lag halvparten av Hauges samla dikt og vert tilrådd som denne vårens lyrikkbok av Poetry Book Society i London. Og for dei som er redd mykje av Hauge går tapt i engelskomsetting: Ver ikkje ottefulle. Han kling godt på engelsk òg.

Du må være abonnent for å lese denne artikkelen