Morten Falck, ditt bøllefrø!
Oj, oj, Morten Falck er litt av ein rabagast! For det er jo Falck som fekk i gang denne debatten om «antiintellektualisme». Sjå berre her:a) 15. november skriv eg om antiintellektualisme. På tampen av kommentaren tek eg med at «eg har observert noko av den mest iherdige antiintellektualismen hos folk som tykkjer dei er del av den typen venstreside som identifiserer seg sterkt med Marx (pluss Mao og eit par til)». Bruken av «folk som tykkjer dei er del av» markerer at det ikkje er snakk om «maoistar flest» eller noko slikt, men derimot eit mindre tal.b) 9. desember står eit innlegg frå Morten Falck, der han reagerer kraftig på dette. «Marsdals ekle apespråk» kjem med «vemmelige insinuasjoner», skriv han. Poenget er at eg ikkje hadde brukt konkrete eksempel. Om ikkje lesarane fekk konkrete eksempel, «blir hele kommentaren hans bare brønnpissing», påstår Falck. c) Og eg går fem på, veit du! Som sant er, skriv eg 19. desember at «eg trudde, heilt ærleg, at det var ukontroversielt å hevda at det finst antiintellektuelle straumdrag i ml-tradisjonen. Det var det altså ikkje». Og så forklarer eg at dei eg hadde vist til (punkt a) mest var folk i Raud Ungdom på 1990-talet. For Falcks partikamerat Tone Beate Windingstad er ikkje dette nok, så 13. januar kom eg med nokre døme frå 1970-talet også. d) Så, 22. januar, skriv Morten Falck i eit innlegg at «det er lett å finne eksempler på umodenhet, sekterisme og 'anti-intellektuelle straumdrag'» [i ml-rørsla].
Du må være abonnent for å lese denne artikkelen
Allerede abonnent? Logg inn