Ein statsråd som inntil nyleg gav klar og tydeleg støtte til eit effektivt tiltak for å gi fleire godt kvalifiserte kvinner ein sjanse til å komma opp og fram i mannsdominerte forskarmiljø, ser no ut til å bøya seg lydig for ein dom frå Efta-domstolen. Øyremerking av stillingar spesielt for kvinner er i strid med EU-regelverket, og når eit EU-organ har sagt eit aldri så lite «bø!», sit dei mest offensive norske statsrådar pent på plassen sin og aksepterer det som kjem frå høgste hald. I og for seg ikkje noko nytt, i tur orden har dei akseptert det eine direktivet etter det andre, og dokumentert at vetoretten innafor EØS ikkje er verd det papiret den er skriven på.Men det er verd å merka seg at denne gongen er det eit svært forsiktig «bø!» det er tale om. Hadde det vore ein dom i EF-domstolen, kunne det til dømes vore ein risiko for sanksjonar i form av bøter dersom Noreg hadde opponert. Men ikkje ein gong det kan ein risikera når det er Efta-domstolen som har avsagt dommen. Risiko for formelle sanksjonar finst ikkje. Argumenta for å bøya seg må derfor finnast andre stader. Dette handlar om å følgja spelereglane, og ein udefinert angst for kva ein kan risikera av politisk motbør frå EU-hald dersom det ikkje blir gjort. Statsråd Kristin Clemet viste i laurdagens Klassekampen til at Noreg godtok EU sitt likestillingsdirektiv da EØS-avtalen vart inngått, og seinare opprettinga av Efta-domstolen. Da er det ikkje god politikarskikk å vera ulydig.