Den kritiske pressa
Her er dagens gåte: Korleis kan representantane på Stortinget vera heilt uvitande om ein prosess som kan forma grunnskulen, universiteta, teletenestene, jernbanen og på sikt helsevesenet og alle slags tenester i dette landet? Mangelen på kunnskap om Generalavtalen om handel med tenester (Gats) kom for dagen i «Klassekampens store WTO-test» mot slutten av desember. Nestleiar i utanrikskomiteen, professor Inge Lønning (H), erklærte at det han visste om Gats ikkje var verdt å nemna. Mobiltelefonen min ringte jula inn med sjokkerte tekstmeldingar à la «Jeg kan jo mer om Gats enn de der!». Men dagens gåte, altså. Korleis kan dei vera så uvitande? Etter The Battle in Seattle, som dreidde seg nettopp om Verdas handelsorganisasjon (WTO) og Gats. Etter at Attac er kome til Noreg. Tidlegare generaldirektør for WTO Renato Ruggiero uttalte i 1998 at Gats tek makt over «område som aldri før er oppfatta som handelspolitikk». WTO-bossen la til at «korkje regjeringar eller industriane har enno forstått den fulle rekkjevidda til desse garantiane eller den fulle verdien av eksisterande forpliktingar». Var det ingen som høyrde etter? Gats er viktig for alle som er engasjert for fattige land og bistandspolitikk. Gats er viktig for den norske velferdsstaten, som fylkestinget i Sør-Trøndelag poengterte i sitt vedtak med krav om innsyn i kva som skjer i dei pågåande forhandlingane. Etter alt dette, korleis kan Inge Lønning og resten av Løvebakken stå der som stumme spørjeteikn når vi spør om enkle fakta?
Du må være abonnent for å lese denne artikkelen
Allerede abonnent? Logg inn