Det blir farlegare og farlegare å vera kvinne i Noreg. Somme må bøta med livet når det går over styr for noverande eller tidlegare partner. Statistikken viser at om lag ein tredel av drapa på kvinner her i landet har blitt utført av noverande eller tidlegare samlivspartner. Eit felles krav frå Fokus (Forum for kvinner og utviklingsspørsmål) og Krisesentersekretariatet om at det skal setjast ned ein offentleg granskingskommisjon for å sjå nøye på forholda kring dei kvinnedrapa som er utførte i seinare tid, fortener å bli tatt på alvor av ei regjering som alt har halde mange festtalar om kor viktig det er å laga handlingsplanar mot vald mot kvinner. Etter den siste tragiske hendinga der ei somalisk mor og hennar to døtre vart drepne, sannsynlegvis av den fråseparerte ektemannen, kan kommunalministeren lett slå fast at det er integreringspolitikken som er for dårleg. Ein slik granskingskommisjon må sjå på alle sider ved dei forholda som ligg til grunn for slike hendingar. I dei tilfella der drapsmannen er av utanlandsk opphav, blir det fort snakk om kultur og integreringspolitikk. Men tar vi heile dette temaet under eitt, er det vel så mykje eit heilnorsk problem. Ein granskingskommisjon må gå grundig inn i dei spørsmåla som knyter seg til dei norske mannsrollene og maktforholda som gjer at drap kan bli ein utveg i ein desperat situasjon. I tillegg til dei som mister livet, viser dokumentasjon frå krisesentra at svært mange kvinner og barn lever i konstant angst og redsle, dels på flukt i eige land, fordi tiltaka for å forhindra at ein tidlegare partner skal gjera skade, ikkje er gode nok.