Frå Kosovo til Irak
Forståinga av den førre krigen, den i Jugoslavia 1999, kan få konsekvensar for kva haldning vi skal ha til den neste, sidan motoren i dei begge, USA, er den same. Viss vi skal tru Aage Borchgrevink, Helsingforskomiteen, var USA/Nato si krigføring i 1999 ein humanitær aksjon for å hindre den etniske reinsinga (som bombinga utløyste). Arild Linneberg er ikkje heilt overtydd om dette. Vil også den neste krigen, den i Irak, bli utkjempa under humanismen sine faner, og kvar står Helsingforskomiteen? Lat oss sjå oss litt attende, i lys av nye fakta: Viss den humanistiske versjonen er rett, var USA/Nato sin «aksjon» mot Jugoslavia ei førebyggande handling (preemptive war?) under tidsnød for å hindre ein endå større katastrofe, utan strategiske, storpolitiske motiv ut over den akutte situasjonen. Problemet med dette synet er mellom anna at ingeniørar i det verdsomspennande amerikanske firmaet Brown & Root Services då alt hadde planlagd «operations in Kosovo months before the first bomb was dropped», ifølgje oberst Robert L. McClure i det amerikanske fagtidsskriftet for ingeniørar, Bulletin, (www.realitymacedonia.org.mk, 29. april 2002). Operasjonane det er tale om, var å bygge Camp Bondsteel, USAs største base utanlands etter Vietnam. Straks bombinga var over i juni 1999, gjekk Brown & Root inn i Kosovo. Her tok dei 1000 hektar jordbruksland for å bygge basen med sine 7000 amerikanske troppar, 300 bygningar, 25 km vegar, 11 vakttårn, 24 sportshallar, bibliotek, det best utstyrte sjukehuset i heile Europa, osb. Basen produserer nok elektrisitet til ein by på 25.000, vaskar 1200 sekkar tøy og serverar 18.000 måltid dagleg. 5000 kosovarar står på lønningslistene for mellom 1 – 3 dollar i timen og 15.000 kan tilkallast ved behov. Campen er den største verksemda i Kosovo. Før planlegginga av eit slikt prosjekt kan starte, må USA ha underteikna ein kontrakt med det private Brown & Root om dette, altså i god tid før den første bomba vart slept. Det betyr at USAs myndigheiter, som ansvarleg kontraktspartnar, må ha bestemt seg for å gå til krig før kontrakten vart underskriven, altså seinast hausten 1998. Det passar godt med tempoplanen får å drive fram tilslutnad til krigen frå dei allierte i Nato. Stortinget sin utvida utanriks- og forsvarskomite fekk saka i all hast til hemmeleg handsaming i byrjinga av oktober 1998. På denne bakgrunnen har påstanden om at Nato-bombinga var eit humanitært nødverje mist sin siste rest av truverde. Planane om Camp Bondsteel, ein strategisk base, kastar samstundes eit forklarande lys over «forhandlingane» (= diktatet) i Rambouillet i februar 1999. Med andre ord: Dersom Aage Borchgrevink si oppfatning av situasjonen bak Nato-bombinga i 1999 er representativ for Helsingforskomiteen, har komiteen eit problem. Kva då med Irak? Vinnaren av Nobels fredspris 2002, Jimmy Carter, har avvist påstanden om at oljen er eit viktig motiv for USA. Men ville USA planlagd denne krigen om det ikkje hadde funnest så mykje olje der? Står vi overfor ein ny humanitær aksjon? Brown & Root er ein del av Halliburton Corporation som driv det stort i olje. I 1990-åra hadde dei mellom anna planar om å føre fram olje og gass frå områda kring Det kaspiske havet gjennom Balkan. Halliburton Oil og Brown & Root har begge gjort ein «stor formue» på Camp Bondsteel-kontrakten, ifølgje kjeldene. Til slutt står det berre att å nemne at Halliburton har hatt Dick Cheney, no Bush jr. sin næraste medarbeidar, på lønningslista si mellom 1995 og 2000. I regjeringa til Bush senior, var han forsvarsminister, og teikna alt i 1992, året etter den første Golfkrigen, den første kontrakten med Brown & Root om å forsyne US Army i globale operasjonar.
Du må være abonnent for å lese denne artikkelen
Allerede abonnent? Logg inn