I nærings- og busettingspolitikken er det på mote å snakke om «robuste BAS-regionar» (BAS = bu, arbeid og service). «Helgelands-krysset» er ei BAS-sak. Ordføraren i Rana, Svein Bogen, har hevda at kommunar med mindre enn 20.000 innbyggarar ikkje er liv laga. Andre har også prøvd å sette tal på kor stor ein tettstad (eller kommune) må vere for å ha «vekstkraft».15.-16. oktober 2002 deltok eg i ein konferanse på Høgskolen i Bodø om «Regional næringsutvikling og distriktspolitiske verkemiddel.» Den svenske dosenten Lars Westin var blant foredragshaldarane. Han refererte frå forsking som dokumenterte at berre tettstader i Sverige (byar med nært omland) med over 100.000 innbyggarar hadde «vekstkraft». Tettstader som var mindre tapte innbyggjartal frå år til år. Men, presiserte Westin, dette er ikkje noko «naturlov», men eit bilde av situasjonen akkurat no. For 15-20 år sidan var berre stader som hadde meir enn 15-20.000 innbyggarar «liv laga» ? og om 15-20 år må ein truleg justere opp «grensa» for vekstkraft frå 100.000 til 150.000 i Sverige.