Du kan bla til neste sideBla med piltastene

Upatriotisk på universitetet?

Michael Neumann er professor i filosofi ved Trent University i Ontario, Kanada. Han skriv jamleg på nettstaden www.counterpunch.org.//NEDST I MARGEN: KAN VI TA FAKSIMILE FRÅ NETTSTADEN TIL PIPES (www.danielpipes.org)? SETT INN PÅ SKRÅ?//Neumann skriv her om Daniel Pipes, ein leiande amerikansk midtaustenkommentator og krigstilhengar, som mellom anna driv den McChartyistiske «Campus Watch».Daniel Pipes [sjå marg, red anm.] viftar med flagget på ein måte som er fårleg for alle som står rundt. Han skriv ting som «Professorar som hatar Amerika». Han nemner namn og spør: «Kvifor foraktar amerikanske akademikarar så ofte sitt eige land medan dei finn orsakingar for undertrykkjande og fårlege regime?» Desse professorane, fortel han, «meiner USA (og ikkje Irak) er problemet». Han er alt for glatt til å seia rett ut at dei er upatriotiske. I staden lit han på at lesarane forstår at han har funne eit reir av apologetar for terror, som vender seg mot sitt eige land når det treng dei. Pipes «Middle East Forum» driv også «campuswatch.org», som stiller i gapestokken akademikarar som blir tekne i politiske feilgjerningar. Han seier at «tida har kome for vaksen rettleiing av fakulteta...» Dette forskrekkar meg. Det siste eg ynskjer er «vaksen rettleiing»! (Pipes eiga heimeside syner glimrande prov på kor vaksen han er på http://www.danielpipes.org/article/475)

Les hele Klassekampen på nett

Få nyhetene som setter dagsorden, analysene som betyr noe og stemmene som teller. Abonner i dag.

Bli abonnent

Allerede abonnent?