På veg ut av bustaden på Oslo vest møter eg kvar dag tre-fire karar i arbeidsklede. Dei prøver å unngå blikket mitt. Litt ned i gata står ein sliten Toyota med polske skilt. Truleg er eigaren mellom desse karane eg møter. Etter alt å døme pussar dei opp eit husvære i bygården der eg bur. Det er ikkje noko uvanleg i dette. Då kona og eg pussa opp vår eigen bustad, fekk vi frå ulike hald tilbod om telefonnummer til nokre visstnok uvanleg flinke austeuropeiske handverkarar. Prisen skulle vere 100 kronar timen, under ein femtedel av kva ein norsk handverkar tek. Dei same menneska som tilrådde austeuropearen snakkar også om ei fantastisk flink filippinsk vaskedame. For 400 kroner i månaden kunne ho sørgje for at det vart reint og pent i heimen. La vi til hundre kroner, vaska ho og strauk 10 av skjortene mine. Dette er heilt vanleg i den delen av byen der vi bur, fortalde dei same menneska og spurde kvifor ikkje kona og eg skulle gjere det same. Underbetalte arbeidarar er ikkje noko nytt fenomen i norsk historie. På 30-talet hadde langt over halvparten av norske lærarar tenestejente, frå bygdene strøymde det billige handverkarar til byane, og på Sunnmøre kunne den ikkje-fagorganiserte møbelindustrien utkonkurrere den austnorske og fagorganiserte industrien. Vi veit kor det gjekk. Det norske prosjektet skapte stadig fleire høgproduktive sektorar som trekte til seg tenestejentene. Samstundes vart fagforeiningane sterkare. Dei både drog opp og utjamna lønsnivået. Påfyllet med lågt utdanna og billig arbeidskraft stogga opp. Det var ikkje fleire att. Vi fekk den norske velferdsstaten. Landet vart for dei fleste godt å bu i, og dei norske lærarane såg ut til å kunne overleve utan tenestejenta. Spørsmålet no er korleis den fyrste forteljinga vil ende. Kva konsekvensar vil den etterkvart massive arbeidsimporten til Noreg og for den del, Vest-Europa få? Kven tener og kven taper? Vinnarane vert verdsøkonomien, overklassa og den høgare mellomklassa i arbeidskraftimportlanda. Taparane vert landa som eksporterer arbeidskraft, og arbeiderklassa og dei arbeidsledige i mottakarlanda. Dei vert utkonkurrerte. Påstandane er ikkje mine. Dei kjem frå det liberalistiske tidsskriftet The Economist. Der munna ein studie ut i desse konklusjonane. Tilrådinga frå The Economist var klar: Auk arbeidskraftimporten til den vestlege verda fordi økonomiane våre vil tene på det.