Har vi gløymd Balkan?
Balkan ligg slett ikkje så langt frå den norske hovudstaden, reisetida til Beograd er omtrent som til Longyearbyen. Den økonomiske og politiske kvardagen i regionen med dei mange etniske folkeslaga og det kompliserte religiøse bakteppet, skapar grunnlag for nye konfliktar. Grusomme krigar med etnisk reinsing og ein Milosevic i Haag, fortel om eit spel som slett ikkje er over. Serbarane stod sannsynlegvis for dei verste overgrepa, men dei var ikkje akkurat samaritanarer på dei kroatiske, muslimske og kosovoalbanske sidene heller. Korleis er så kvardagen til dømes i Serbia, hovudaktøren i Rest-Jugoslavia? Denne vesle føderasjonen minnar lite om det riket som Josip Broz Tito (1891-1980) styrte over som «ein diktator med stil» slik ein serbar sa det nyleg. Serbia er storebror i føderasjonen med sine 7,5 millionar ibuarar medan Montenegro berre har 600.000, og helst vil vera sjølvstendig.
Du må være abonnent for å lese denne artikkelen
Allerede abonnent? Logg inn