Du kan bla til neste sideBla med piltastene

Presidenten sitt kostbare mistak

Under President Vladimir Putin har Russland kome nærmare Vesten enn nokon gong. Ytringsfridomen og menneskerettar står ovanfor dei alvorlegaste utfordringane i dette landet sidan Mikhail Gorbatsjov innførte perestrojka. Desse to tesane har faktisk vorte banalitetar. Men korleis heng den eine saman med den andre? Dei russiske styresmaktene må seiast å jatte med Vesten i eitt og alt. USA har fått tilgang til militærbasar i Sentral-Asia. Sjølv om dei før kritiserte utvidinga av NATO austover, har Moskva faktisk forkasta sitt opphavlege standpunkt. Russiske diplomatar kritiserer ikkje lenger NATO-avgjerda om å inkludere dei baltiske statane. Vidare har Russland vist si støtte til utvidinga både politisk og symbolsk ved å take del i NATO-toppmøtet i Praha.

Les hele Klassekampen på nett

Få nyhetene som setter dagsorden, analysene som betyr noe og stemmene som teller. Abonner i dag.

Bli abonnent

Allerede abonnent?