Sanksjonar stoppar hjelp
Presset på dei sivile har auka under Noregs leiarskap av FNs sanksjonskomite for Irak. FN stoppar leveransar dei sjølve har godkjend NRKs Brennpunkt sette i går fokus på korleis nye prosedyrer for irakisk oljeeksport hindrar hjelp å nå fram til landet. Noreg vart medlem av FNs tryggjingsråd 1. januar 2000, og skal sitje fram til 31. desember i år. Ved starten av perioden kom Noreg med løfter om at endringar skulle føre til at sanksjonane ikkje lenger skulle ramme det irakiske folket. Med litt over ein månad att som leiar av sanksjonskomiteen ser det ikkje ut til at lovnadene held. Jan Egeland, generalsekretær i Raudekrossen, er overbevist om at norsk side har gjort sitt ytterste for å betre forholda. Han trur Noreg har spilt ei mindre rolle:? Sanksjonsregimet er for strengt og komplisert, og USA er nok hovudansvarleg for dette.
Du må være abonnent for å lese denne artikkelen
Allerede abonnent? Logg inn