Du kan bla til neste sideBla med piltastene

Gå ikkje stille inn i natta!

Eg har eit bilete heime, framfor skrivemaskina mi. Det er frå eit øydeland i Afghanistan. Ein far og guten hans syklar bortetter ein veg, mens dei stirar på ein ihelskutt Taliban-soldat som ligg på ryggen i sola. Eg hugsar artikkelen biletet kjem i frå; det var eit stykke som omhandla drapa av fleire hundre Taliban-soldatar som vart frakta med containerar. Fleire hundre Taliban-soldatar som opplevde kva for ein rettferd USA fører i sin krig mot terror. Kvifor har vi ikkje høyrt noko om dette? Vi har vorte fora med informasjon om kvinner som har vorte frigjorte, og menneske som spring i gatene og jublar. Men eg har ikkje høyrt nokon fortelje om ei historie om kva som skjedde med Taliban-fangane. Dei vart avretta. Så enkelt er det. Dei vart brutalt avretta, og ingen frå den vestlege, demokratiske frigjeringsstyrken gjorde noko som helst.

Du må være abonnent for å lese denne artikkelen