Du kan bla til neste sideBla med piltastene

Eit åtak på samfunnet

Etter at spesialstyrken med kommandosoldatar storma Dubrovka-teatret tidleg på morgonen laurdag, proklamerte myndigheitene at operasjonen var ein suksess. Først annonserte dei at fienden hadde vorte utsletta utan nokon tap blant gislar eller spesialstyrker. Så nemnde dei 30 døde. På føremiddagen laurdag hadde talet på døde nådd 67, og om ettermiddagen innrømde Helsedepartementet offisielt at «meir enn 90 menneske» hadde omkome. Etter dette fekk legane forbod mot å snakke med pressa. Søndag hadde talet på omkomne nådd 117.Krisa medførte at media vart slått ned på på ein måte som ein ikkje hadde opplevd før. Tv-stasjonen Moskovia vart teken av lufta etter å ha kringkasta eit intervju med eit gissel som kravde stans av krigen i Tsjetsjenia. Etter å ha fått ei åtvaring frå myndigheitene lystra den normalt opposisjonelt innstilte Ekho Moskva Radio den offisielle lina i si dekning av gisselkrisa. Den tsjetsjenske vevsida Kavkaz.org vart fråkobla.

Du må være abonnent for å lese denne artikkelen