Det er lenge sia dei formelle banda mellom Norsk Tjenestemannslag (NTL) og Arbeidarpartiet vart kutta, og NTL-leiar Turid Lilleheie markerte seg på LO-kongressen i fjor med krav om at LO-leiaren ikkje skal ha fast plass i Arbeidarpartiet sitt sentralstyre. Men framleis meiner ein del av delegatane på NTL-landsmøtet at det formaliserte samarbeidet med Arbeidarpartiet på LO-nivå er eit problem. Forening 90, NTL på Universitetet i Oslo, har levert sitt framlegg om at både NTL og LO må bli partipolitisk uavhengige, og at alle formelle band mellom LO og DnA, og eventuelle andre parti må brytast.